|
|||||||||||
| Startside Del I Del II Informasjon |
SPYWARE
Introduksjon: I starten er signala vage. Pcen din jobbar seinare enn normalt, noko er annaleis med browseren din, små reklame vindu dukker opp på skjermen, kanskje til og med når du ikkje er oppkobla på nettet, eller du blir sendt til ei ukjent webside. Kva kan dette vere? Sjansane for at det er ein form for spyware er store. Kva er spyware? Spyware er ein kvar form for teknologi som samlar informasjon om ein person eller bedrift, utan at personen/bedrifta er klar over det. Program som samlar informasjon som blir installert med brukarens forståelse for kva informasjon som blir innsamla, og kven som får informasjonen er etter definsjonen ikkje regna som spyware. Korleis blir spyware installert på maskina di? Spyware kan installere seg på maskina di på fleire måtar. Du kan få det gjennom å klikke på et pop-up vindu, gjennom en “drive-by download” (spyware program installerer seg automatisk på datamaskina di når du besøker ei internettside), gjennom fildelingsprogram, gjennom email eller ved installasjon av andre program. Kva gjer spyware? Som med virus, finst det ulike typar spyware, fra dei meir uskyldige som sender reklame til maskina di, til dei meir alvorlege som kan registrere alle tastetrykk du gjer, og dermed få tilgang til passord og koder du bruker. Her kjem dei ulike typane og kva dei kan gjere med maskina di. Parasiteware: Blir brukt om adware program som overskriver somme sporingslinkar. Desse sporingslinkane blir brukt av webmasterar til å selge produkt og få støtte til å drive sidene. For den vanlige brukar er ikkje parasiteware nokon stor trussel. Adware: Adware kan gjere fleire ting med maskina di. Alt fra å registrere surfevanene dine, handlevanene dine på internett og til å distribuere reklame på maskina di. Er ikkje direkte farlig for sikkerheita di, men mange blir irritert over reklame pop-up vinduer. Spyware: Spyware er programvare som samlar informasjon i det skjulte om tastetrykk, passord, surfehistorie, kredittkort nummer, chatte-loggar, og kan til og med ta screenshots av skjermen din. Stort sett alt du foretar deg på maskina di kan bli observert av den som “spionerar” på deg, du treng ikkje en gang å vere tilkobla internett for å bli spionert på. Malware: Malware er brukt om program som inneholder skadelig kode. Det er program som er designa for å bryte inn, og skade et datasystem. Døme på Malware er trojanske hestar, ormar og datavirus, hijackers(program som forandrar startsida di til ei anna) og dialers(en type program som forsøker å bytte ut nr modemet ditt ringer for å koble seg opp mot internett slik at du kan få store telefonregningar). Korleis beskytte seg mot Spyware? Linkar: Kilder : |
||||||||||
| Informasjons- og Publiseringsteknologi :: Høgskolen i Gjøvik :: Høst 2004 Laget av Gruppe 1 :: Christian Melbye :: :: :: Kyle Arumugam |
|||||||||||